Olavs sägner

Olavs sägner del 1

Olav den helige och trollet Sigge

Det er fleire segnar knytta til bautasteinen ”Jomfru Marias Synål”. Ei av dei handlar om Olav den heilage og trollet Sigge.

Olav den heilage ville byggje ei steinkyrkje med tårn på kongsgarden sin på Avaldsnes. Sjøl hadde han lita tid fordi han støtt for rundt i landet og kristna folket, difor gjorde han ei pakt med ein rise eller eit troll som hadde bustad inni ein av dei gamle gravhaugane oppe på Blodheia. Avtala gjekk ut på at risen skulle vera bygningsmann, og han skulle få sola, månen eller kongen si sjel i løn hvis kyrkja stod ferdig innan ei viss tid. Risen tok fatt på arbeidet, og slike underjordiske byggjer med trollskap, mykje fortare enn ein kristen mann kan tru. Siste dagen før fristen gjekk ut, blei Olav den heilage verkeleg ottefull. Det såg ut til at risen ville bli ferdig innan tidfristen og kva skulle kongen så gjera? Ikkje ein gong kongar kan henta ned sola og månen. Korleis skulle Olav berga sjela si? Utpå kvelden reid kongen opp på Blodheia der slaget mellom Håkon den gode og sønnene til Eirik Blodøks ein gong stod. Ein av desse haugane blir kalla ”Prinsahaugen”. Innanfrå denne haugen høyrde Olav barnegråt. Han stogga hesten og lydde. Då høyrde han ei kvinne som song. Ro, ro liten kind snart kjeme Sigge, far din med sol og måne til badne Nå visste Olav den heilage kva trollet blei kalla. Han var berga! For alle veit at hvis kristen mann nemner trollet ved namn, då blir trollet til stein. Kongen reid attende til kyrkja og gøymde seg innåt kyrkjeveggen. Då risen skulle leggja siste steinen på kyrkjetårnet, ropte Olav: ”Akta deg nå, Sigge, den siste steinen vil ikkje ligge.” I det same sprakk risen. Han blei til stein og datt hovudstups ned i molda norved kyrkja. Der står han ennå og vitnar om at det gode skal vinne over det vonde, nett slik kongen vann over trollet.Segna fortel vidare at dommedag kjem når toppen rører kyrkjeggen. Difor har avaldsnesprestane frå eldgamle tider akta på steinen. I mørke vinternetter har dei klatra opp og banka bitar av toppen kvar gong han har vore farleg nær kyrkjeveggen. Slik har avaldsnesprestane redda verda frå undergong. Ja, nokre trur at prestane på Avaldsnes framleis driv på med dette.

Olav den helige och de fem dårlige jungfruarna
På Norheim like nord for Avaldsnes, står fem høge batutasteinar i ei stjerneforma steinsetting. Inne i steinsettinga låg ei grav frå yngre romertid (ca. 350 e. Kr). Tradisjonen fortel at denne stjerneforma steinsettinga er ein del av eit religiøst/magisk kaldendersystem. Triangelforma skal vera symbol på den kvinnelege, mens sjølve bautasteinane er fallossymbol. Steinsettinga blir kalla ”Dei fem dårlege jomfruer”. Her skal du høyra kvifor.

Olav den heilage for titt rundet i landet og kristna folket sitt. Ein gong kom han nordanfrå og skulle til kongsgarden på Avaldsnes. Då han kom fram dit Karmsundet er på det smalaste, såg han fem kaute jenter som stod på fastlandssida og vinka på han. Men kongen let seg ikkje freiste. Istaden ropte han høgt. ”Stå nå der og bli til stein, tedess eg kjeme tebars igjen.” Straks blei jomfruene til stein. Der står dei ennå og ser utover Karmsundet mot Olavskyrkja på Avaldsnes.

Olavs sägner del 2

Olav på Torvastad

Äldre versionen
St. Olav blei ein gong forfylgt av fiendar gjennom Karmsundet. Ein annan fiendeflåte venta nord ved Sletta. Kongen rodde då skipet sitt ut til Skyllingstad. Herifrå drog han og mannskapet fartøyet gjennom Brekkedalen der det før hadde vore sjøbotn. Så låg dei og venta i Vikingstadvågen til fiendane segla bort. Under arbeidet med å dra skipet over land, blei kongen og mennene hanst tørste, men det var ikkje vatn i nærleiken. Kongen stakk då handa si ned i fjellknausen og straks blei hola fylt med godt kjeldevatn. Denne kjelda skulle aldri bli tørr, baud kongen, og slik har det vore sidan dess. Sjølv om ein tømer kjelda og det ikkje kjem ein regndrope frå himmelen, så står ho neste dag full av vatn. Mange er blitt friske av dette kjeldevatnet som skal vera særs godt mot augnesjukdomar. Både pilegrimar og andre som drakk av kjeldevatnet, bruka å takka heilage Olav ved å setja frå seg små kors av pinnar og strå i nærleiken av kjelda.

Ein annan versjon av denne segna fortel at skipet hans Olav skar rett gjennom fjellet, og der det glei fram, rann sjøen etter. Olavskjelda ligg på Torvastad, men nokre få hundre meter mot vest finn vi Hovland, der den gamle prestegarden ligg i dag. Som namnet seier, kan det i førkristen tid ha stått eit hov her. Me veit at vatn spela ei stor rolle i den norrøne mytologien, og kanskje hadde vatnet i Olavskjelda også ein funksjon i heidensk tid.

Yngre versionen
Frå havet på vestsida av Torvastad sokn går det ein dal innover land. Dalbotnen ligg berre nokre få meter over havmålet. I gamle dagar gjekk sjøen inn over her, slik at det var eit sund mellom austre og vestre delen av Torvastad. Sagnet seier at Olav den heilage kom seglande gjennom dette sundet. Då han var komen halvvegs, fekk han høyra at dei ikkje hadde meir vatn ombord i skipet. Kongen gjekk då opp på land. Han hadde jarnhanskane sine på seg og trykte lett med handa si ei hole i fjellet. Straks kom det fossande opp klart, godt vatn så alle fekk drikke seg utyste. Kjelda kan du sjå den dag i dag. Ho blir kalla ”Olskjellå” og blir aldri tom for vatn. Er du sjuk, blir du frisk av vatnet i ”Olskjellå”, og har du vorter på hendene, så skal du berre gå til Olavskjelda og duppa dei ned der eit par gonger, så blir du snart fri frå vortene dine.
Då skipet hans Olav sokk

”Sagnet seier at Olav den heilage let skipet sitt liggja på Vikingstadsjøen, ved Saksedne. Så gjekk han derifrå te Avaldsnes – te kongsgarden sin. Då Olav kom tebars te Saksedne, var skipet sokke. Far min kjente spantet av eit skip der ein gong, sa han. Han sette dreggen i det, med då dei drog i, retta spantet dreggjaklone. Seinare fekk han ’kje tak i det. Det var ved Uredne skipet låg.”

Berättat av Ivar Vikingstad (f. 1896) Far till Ivar hette Jørgen Vikingstad (f. 1858)